Flemma er ei bygd som ligg ved Tingvollfjorden i Gjemnes kommune. Frå Flemma er det 5-6 mil både til Molde, Kristiansund og Sunndalen.

Flemma er ei lita bygd med ca 160 personar, både stort og smått. Da det ikkje lenger er skule i bygda, reiser borna til nabobygda Angvik (ca 7 km). Ungdomskulen ligg i Batnfjord.

Bygda har fiskeoppdrett, landbruk, Warvik Mekaniske verksted og Flemma Dekk & Olje.

Flemma har også eit flott Grendahus som ofte blir brukt til ulike tilstelningar, deriblant bingo kvar tirsdag og bygdakino kvar tredje fredag.