Dialækta vår

Dialækta i Flæ’mmåinn e ei nordmørsdialækt så hørre te det trønderske språkområdet. Her e ei ordlest’ med ord så kanskje heill på å ga ut tu språkja vår.

 

A

akjå: talord, atten

alnakka (med tjukk l): subst., almanakk

alterert: adj., perpleks

andblest – utt. «ainnblest»: adj., andpusten

ansand’ – utt. «ainnsainn»: verb i pres.part., «e’kje ainnsainn», ikkje til å anse/bry seg om

atter, «e attra me»: verb, attra – attra – attra, å kome på betre tankar, velje ein annan utveg

attuinn: prep., innunder, attom

attåbak: adv., baklengs

aul’: verb, aula – aula – aula, vrimle

auster: subst., stor ause

avbakle (med tjukk l): adv., forkjært, ulagleg plassert

avskjækkel (med tjukk l): subst., avsidesliggande stad, «denj avskjæklå»

avåt: subst., ei mengde innsekt som plagar folk og krøtter

B

bakels: subst., vaffel (som i «graut og bakels»)

beill: verb, beille – beillt – beillt, om å greie seg i kaldt vêr/vatn

bett: verb, bett – batt – båtte, strikke

brei: verb, breie – breidd – breidd, å jamne med riva utover vollane nyslått gras og halvtørt høy

brok: subst., bukse

brutlin/brutla/brutle – utt. «bruhjlinj»: adj., «brøkkjasam»

brøkkjagamp: subst., ein som er «brøkkjasam»

brøkkjasam: adj., voldsom

brøkkje: verb, fare ovøre fram

bunding – utt. «buinning»: subst., strikketøy

bundingsstekk – utt. «buinningsstekk»: subst., strikkepinne

bækkre: subst., ver

bæks: verb, bæksa – bæksa – bæksa, leggje seg på tverke for andre slik at dei får bry med å utrette ting

D

dallrin – utt. «daillrinj»: adj., ustø på føtene, skjelven

damstill – utt. «dammstillj»: adj., blikkstille

del (med tjukk l): verb, dela – dela – dela, sikle

dolp (med tjukk l): subst., forsenking i terrenget

domp: subst., ei mindre forsenking

dorm – utt. «dårm»: verb, dorma – dorma – dorma, få ein kort og lett blund

drakster: subst., besvær

dråk: subst., fl. dreker, jente

dussebang: adj., pjuskete, trist

dæmmel (med tjukk l): verb, dæmla – dæmla – dæmla, ha i seg mykje drikke på kort tid

F

fabro: subst., farbror

fark, farkstav – utt. «fashk», «fashkstav»: subst., lite påliteleg mannsperson, luring

fasses: subst., faster, farsøster

fjortå: talord, fjorten

fotbørnå: subst., skoty

frakk, «hanj e’kje frakk»: adj., frakkar – frakkast, det står dårleg til

frostmort: subst., ein som toler mindre kulde enn andre

furkunnmat – utt. «furkuinnmat»: subst., ekstra god og velsmakande kost

fusse: subst., fl. fussa, halvvegs skræmeleg mannsperson

fæmtå: talord, femten

førkj, førkjunge – utt. «førkj», «førkjuinne»: subst., jente, jentunge

G

gauder: subst., spilloppmakar

geilkalv – utt. «gjælkalv» (med tjukk siste l): subst., jamnaldring (også medkonfirmant)

glir: subst., «å gjærra glir tå folk», harselas

gommel (med tjukk l): verb, gomla – gomla – gomla, tyggje

gongbær – utt. «gångbær»: adj., i stand til å gå oppreist

gullbost – utt. «guillbåsst»: subst., løvetann

H

hardin – utt. «harinj»: subst., «det va på harinj», det var så vidt

hause: subst., imponerande mannsperson

hennåhavt – utt. «heinnåhaft»: adv., tafatt

hånstaur: subst., tosk

håtteslaus: adj., åndsfråverande

I

illbellau – utt. «illjbeillau»: adj., toler lite (særleg om kaldt vatn)

ill/illt – utt. «ihjlt»: adj., vond/vondt

illtrivast – utt. «illjtrivast»: verb, illtrivst – illtrævst – illtrivdest, å mistrivast

inkjeskre: subst., person som det er lite gagn i, kan ikkje setjast til noko

innpunn – utt. «innjpuinn»: adv., innunder

innåbeins – utt. «innjåbæns»: adj., på innsida av leggar og lår

innåhyses – utt. «innjåhyses»: adv. innomhus

J

jyn: verb, jyne – jynt – jynt, å anstrenge seg for å sjå og oppfatte hendingar

jærrasvill – utt. «jærrasvillj», «det e så jærrasvillj»: subst., overlagsvis

K

kalbota (med tjukk l): subst., knehasen

kammar: subst., menneskeeksrement

kettau: adj., kilen

kinntaskå – utt. «kjinntaskå»: subst., kusma

kjell – utt. «kjeill»: subst., jente

kjøk: verb, kjøkje – kjøkt – kjøkt, hoste til ein mistar pusten

kjøle (med tjukk l): forst. adv., svært, forferdeleg

klatter (med tjukk l): subst., dårleg utført handverksarbeid («klattermakar»)

klenning: subst., påsmurt flatbrød

klæks (med tjukk l): subst., klyse

kløkti (med tjukk l): adj., lett for å lære, intelligent

knu, «lætt det knu»: verb, la det stå til

knuve: subst., leddknoke på handa

kolsvort – utt. «kålsvort» (med tjukk l): subst., svarttrast

komme: subst., trekubbe el. bolle («grautkomme»)

koppklys – utt. «kåppklys» (med tjukk l): subst., manet

kopptu – utt. «kåpptu»: subst., kjøkkenklut

krektin– utt. «krektinj»: adj., om ein som er alt for fintfølande

kreå: subst., liten bekkeaure

krutgo: adj., svært god, gjerne om ein som er ekstra flink i replikken («det va etj krutgodt svar»)

kult – utt. «kuilht»: verb, kulta – kulta – kulta, skrøne (også subst.)

kvervill – utt. «kværrvillj»: subst., kvervel (brukast om vindrosser på sjøen, eller om hår)

kvitsømmer: subst., kvitveis/kvitsymre

M

marroder: adj., mørbanka

messminnast – utt. «messminnjast»: verb, å hugse feil

messabrent – utt. «messabreint»: adj., svidd

mobro: subst., morbror

mol (med tjukk l): verb, mola – mola – mola, å drive med tungt og vanskeleg arbeid

mosses: subst., moster, morsøster

møss-smør: subst., prim

møsså: subst., myse

N

nater: adj., pågåande, men samtidig dyktig

nikkjå: talord, nitten

nikkjåfæt: subst., nyretalg frå sau, brukt i potetball

nætau: adj., iherdig, arbeidsam

O

oby («å gjærra oby»): subst., ugagn

obysam: adj., om ein som gjer oby

odus: adj., uforlikt

odøm: adj., om brått stormfullt og ufyse ver, men også om store mengder («det vart ei odøm me shnø»)

ofyllfat – utt. «ofylljfat»: subst., ein som et meir enn rimeleg

ohæpp: verb, ohæppa – ohæppa – ohæppa, å gjere skade på seg ved ulykkestilfelle

oklakul – utt. «åklakul» (med tjukk l): subst., ankelknoke

ombøter: subst., store endringar

omgangast («dæm må ha omgåttest»): verb, om to personar som har gått forbi kvarandre utan å merke det

omsalaus: adj., utan bekymringar

oppunn – utt. «oppuinn»: adv., oppunder

 

oskjøttsam: adj., uforsiktig, likesæl

oværje: subst., staur, lurk brukt under slagsmål eller kritiske situasjonar

P

pellar: subst, fl. pellara, tablett

pinnfritt – utt. «pinnjfrittj»: adv., heilt umuleg

pire («det va’kje pire»): adv., det var ikkje greit, det var ingen spøk

pissi: subst., katt

pjuskje: adj., ikkje rare greiene («hanj va pjuskjinnj å sjå te»)

pløsin/pløsa/pløse – utt. «pløsinj» (med tjukk l): adj., nærmast opphovna

prekkel (med tjukk l): verb, prekla – prekla – prekla, arbeide med innvikla småting («prekkelmakar»)

prættå: subst., skøyerstrekar

punnhålt – utt. «puinnhålt» (med tjukk l): hålke under snø

pærtin – utt. «pærtinj»: adj., pedantisk

pøngel (med tjukk l): subst., pung hjå karfolk (jf. «task»)

R

raksterdei – utt. «raksterdæi»: subst., ei som rakar under slåttonna (jf. budeie)

randåt – utt. «rainnåt»: adj., stripete

rakkel (med tjukk l): verb, rakla – rakla – rakla, slentre, gå sakte

rarels: subst., utnamn på kvinnfolk (tilsvarande raring om menn)

S

saup – utt. «sæp»: subst., væska som blir att når ein har kinna smør

sauphau – utt. «sæphau»: subst., dumskalle

sekstå – utt. «sækstå»: talord, seksten

sjettåtrast: subst., gråtrost

skakkåskjelt – utt. «skakkåskjert»: adj., mangelfullt

skalkmerkje: subst., skjemmande skrape el.l. sett på møblar, reiskap el.l.

skaplag (med tjukk l): subst., stri jobb

skitle – utt. «shihjle»: adj., pinleg

skitstronk: subst., drittsekk

skrøl (med tjukk l): subst., slim som blir hosta opp frå luftvegane

slatter – utt. «shlatter»: subst., sludd

slokrin – utt. «shlokkrinnj»: adj., om ein person som kleda hengt laust i kring

smerin/smera/smere – utt. «smerinj»: adj., for søtt

småmætt: adj., om ein som et lite og er fort ferdig med maten

snarvin – utt. «snarrvinj»: adj., snar til å bli fornærma

snellert: subst., underleg kar

snålende – utt. «snåleinne» (med tjukk l): subst., nedre enden av spisebordet (det motsette av høgsetet)

spælla skrapnase: uttrykk, skrape opp nasen

spøå: subst., redskap bruk til å snu leivane på bakstehella, også brukt om racket

stakall – utt. «stakkaill»: subst., mannsperson, helst ung

stråkkåføttå («hanj kom stråkkåføttå»): adv., i full fart

ståss: subst., brysamt arbeid

svægå: subst., tynn pisk (av lauvtre), brukt til å jage krøtter

sykkjå: talord, sytten

synnåhysing – utt. «syinnåhysing»: subst., mann sørfrå

T

task: subst., pung hjå karfolk (jf. «pøngel»)

tattle – utt. «tahjle»: adj., lite tess

taus: subst., jente

tenn – utt. «teinn»: subst., trefliser, never, til å tenne opp med

tokkel (med tjukk l ): subst., tøys, tull

trelin/trela/trele – utt. «trelinj» (med tjukk l): adj., vrien, vanskeleg

trongsmål – utt. «trångsmål» (med tjukk l): nødvending, påkrevd («det va’kje trångsmål ti di»)

trættå: talord, tretten

tyt: subst., vorte, lita forhøyning på hudoverflata

tæva: verb, tæva – tæva – tæva, pese

tølå (med tjukk l): subst., samling av saker og ting

tørnavar – utt. «tær-navar»: subst., ikkje den skarpaste kniven i skuffa

U

unnrømming – utt. «uinnrømming»: subst., rømming unna noko ubehageleg

V

vaddelekt, vaddesålekt: var det likt seg

vann – utt. «vainn»: adj., kresen

vantarratrevling (med tjukk l): subst., vanskapning

vervann – utt. «vervainn»: adj., ømtåleg for ruskever

villspik – utt. «villjspik»: subst., kåt jente

vinnle – utt. «vinnjle»: adv., praktisk, hensiktsmessig

væmlin/væmla/væmle – utt. «væmmlinj» (med tjukk l): adj., uvel i magen, gjerne fordi ein har ete mykje søtt

vøl, vøle’kje (med tjukk l): verb, vøle – vølt – vølt, bry seg (ikkje med)

våk, våkunge – utt. «våkuinne»: subst., spedbarn

våttå: subst., natureng med mykje gras, våtlendt og med sig unna gjødselplass el. dyrka og gjødsla jord («sommarfjøsvåttå»)

Æ

æskjin/æskja/æskje – utt. «æskjjinnj»: adj., tam, kjælen, om dyr som ikkje er redd folk

Ø

øl (med tjukk l): subst., varme («å haldj se øl’n»)

øng: verb, yngje – øngt – øngt, yngle

Å

åller – utt. «åiller»: subst., høgrøsta snakk, leven

åkkår («du må’kje varra åkkår»): adj., meir beskjeden enn nødvendig

ålet/åletin/åleta/ålete – utt. «åletinj» (med tjukk l): adj., et all mat

ålvåt (med tjukk l): adj., gjennomvåt

åtal (med tjukk l): subst., tilsnakk («hanj vilj ikkje hør åtal»)