Lag og organisasjonar

Her følgjer ei oversikt over lag og organisasjonar i Flemma.

Flemma bygdalag

Flemma IL er det eldste idrettslaget i Gjemnes kommune, stifta 22. april 1928. Laget satsar på mosjonsidrett, trimaktivitetar og friluftsliv. Landevegsløpet Flemstubben har vore arrangert årleg sidan 1980. Flemma IL har lysløype, sandvolleyballbane og grusbane, merka stiar til mange fine trimpostar, og gapahuk og grillplass ved Flemsetervatnet. No blir det bygd turveg tilrettelagt for funksjonshemma rundt Flemsetervatnet, og den spesielle utåvinden er planlagt utnytta ved betre tilrettelegging for ulike vindaktivitetar på fjorden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Foto: Jorid Leirdal.

Flemma Songlag vart stifta 8. mars 1896 som ein del av Flemmen Ungdomslag, der «Lagets formaal er gjennem oplæsning, foredrag, diskution og SANG at søge vakt interesse for god og nyttig viden, der adler sindet, utvider synet og staalsetter viljen.»
Flemma Songlag var blandakor fram til 1989, da det vart for få karar, og koret har sidan vore damekor. Koret opptrer i mange ulike samanhangar i nærmiljøet, og har eit repertoar som er tilpassa dette. Koret har også hatt prosjekt med å få til tilstelningar/konsertar med spesielle tema. Døme på dette er «Vår» og «Kvinner i alle aldrar». Koret har delteke i fleire korkonkurransar og gjort det bra der – ut frå at vi er eit lite bygdekor. De er velkomne til å sjekke ut Flemma Songlag sine Facebooksider.

10401466_1481609622072668_2722009375822479549_n

 Foto: ukjent.

Flemmen bøkkerensemble

Grendahuslaget