17.mai-feiring i Flemma!

 

Som vanleg vil det bli 17.mai-feiring på Grendahuset.

Vi startar med tog frå Grendahuset kl 13.00, Angvik Hornmusikk vil også i år følge oss til gravstedet der det vil bli lagt ned krans og heldt tale. Etterpå returnerer vi til Grendahuset der det vil bli salg av varm mat, kaffe, kaker og is. Etterkvart blir deti arrangert leikar for både store og små.

Tale for dagen vil bli heldt av Frode Flemseter, og vi får underhalding av ulik slag og så klart loddsalg.

Møt opp på Grendahuset og ta del i denne flotte dagen!

 

 

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Ekstraordinært årsmøte i bygdalaget

 

Mandag 14.mai kallar bygdalaget inn til ektraordinært årsmøte på Grendahuset kl. 20.00.

Sak denne kvelden er eventuelt salg av "Bua"

Det vil bli ein kaffeskvett og noko å bite i ;)

 

Vell møtt!

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Verdens aktivitetsdag og start for Stikkut-postane.

 

Torsdag 10.mai er det verdens aktivitetsdag og oppstart for Stikkut-postane i år. Da passar det bra å starte Flemma IL sin sommartrim også. Vi møtes ved gapahuken ved Flemsetervatnet frå kl. 17.00 og utover. Idrettslaget sørger for oppfyring av grillen, og alle tek med eigen grillmat og drikke. Det vil bli natursti og tur bort til Samendalen der Stikkutposten er. For oversikt over dei andre turane som bli arrangert i år kan du sjå her Sommartrim 2012

Stikkut-postane i kommunen kan du sjå her.

 

Håpar på finver og at så mange som mogleg tek turen denne ettermiddagen. Ta her bli kjekt!! :)

 

 

Mvh Flemma Idrettslag:)

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Pizza- og rekeaften!!

 

Onsdag 4.april blir det pizza- og rekeaften på Grendahusa. Alle betaler 150 kr. inn og et da så mykje dei vil. I tillegg vil det bli salg av brus og kaffe (anna drikker ordnar de med sjølv ;) ).
Slik som forrige gong, vil det også bli karaoke denne kvelden, så det er berre å begynne oppvarminga av sangstemma ;)
Aldersgrense er satt til 15 år.

For påmelding, kontakt Svanhild Flemmen (97682486) eller Marie Flemsæter (90025431). Frist for påmelding er søndag 01.04

 

Vell møtt!!

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

Laurdagskaffe!!

 

Førstkommande laurdag, 17.mars er det klart for laurdagskaffe. Dette foregår på Grendahuset mellom kl. 12.00 og 14.00. Her er det moglegheit for å steikje bakels og ta seg ein kopp kaffe ilag med andre sambygdingar (folk frå andre bygder er så klart også hjartelege velkomne!!). Dette er ei fin moglegheit til å kome seg ut og møte folk på!!

Treng du skyss er det berre å ringe Liv Jorun på 95233964, så ordnar ho det ;)

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Det er tid for fredagskos!!

 

Fredag 16.mars er det klart for kino igjen, denne kvelden vil desse filmane bli vist:

kl 18.00: Arriettas hemmelige verden (7år)

kl 20.00: Into the white (11år)

 

alt tekst alt tekst

 

Litt om filmane finn du her.

 

Så ta med deg fredagskosen og møt opp på Grendahuset til to flotte filmar!!

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Minner om årsmøte i Flemma Idrettslag i kveld kl 20.00 på Grendahuset!!:)

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kino 17.februar!

 

alt tekst alt tekst

Ta turen til Grendahuset denne kvelden og få med deg desse filmane:

18.00 Pus med støvler- i 3D

20.00 Chronicle

Trailer og omtale om filmane finn du her.

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Årsmøte i Flemma Bygdalag, torsdag 1.mars.

 

Årsmøte er på Grendahuset frå kl 20.00 og utover. Det vil bli tatt opp "vanlege" årsmøtesaker og eventuelle innkomne saker. Saker som skal takast opp må vere innkomne til styret innan 16.februar.

 

Det vil og bli kaffe og matservering, ingen grunn til å sitte heime med andre ord ;)

 

-Flemma Bygdalag

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Malær`n kjæm, 19.februar

 

"Malær`n kjæm" er eit skodespell i regi av Endre Skar. Stykket handlar om eit lite lokalt malerfirma som får ein jobb. Når dei kjem fram til det rette huset viser det seg ganske raskt at detter er eit nokså spesielt hus med særegne aktivitetar og store overraskelsar.

Det vil også bli innslag av lokale aktørar.

 

Dette vil foregå på Flemma Grendahus 19.februar kl 15.00. Det vil også bli salg av kaffe og kaker.

Billettpris:

-over 15 år: 250 kr.

-barn/honnør: 100 kr.

 

Møt opp og ta søndagskaffen på Flemma Grendahus denne ettermiddagen!!

 

-Flemma Bygdalag

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tirsdag 07.02 kjem Bokbåten til Flemma!!

 

Dette er ei fin anledning for alle lesehestar å låne seg nye bøker ein kan kose seg med på mørke kveldar! Bokbåten vil vere i Flemma frå 16.30 til 18.00. Kl. 17.00 vil det bli underhaldning.

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Minner om den flotte lysløypa vi har, den er ikkje så lang (ca 1,7km), men om ein føler for å gå lengre er det berre å gå fleire rundar ;) Løypa passar godt både for store og små!! :D

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Årsmøte i Flemma IL

 

Måndag 27.02.2012 er det tid for årsmøte i Flemma IL. Årsmøte blir på Grendahuset kl 20.00. Oppfordrar flest mogleg til å møte opp!!

 

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

KINO 20.januar!!

 

alt tekst alt tekst

 

Fredag 20.januar er det klart for årets første kino på Flemma Grendahus!

Denne kvelden vil det bli vist:

-> kl 18.00 Alvin og gjengen 3

-> kl 20.00 Varg Veum: De døde har det godt

Litt om kva filmane handlar om finn du ved å trykke her.

 

Ta med deg ein god venn og kom!!

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Dette skjer i Flemma i jula:

 

2.juledag er det tradisjon tru klart for juletrefest!

Juletrefesta startar 15.30 og er som alltid på Grendahuset. Det vil bli underhaldning, servering av mat og juletregang for store og små. Det kan også vere lurt å ta me seg nokre kroner til loddsalet. Om vi er heldige så kanskje Nissane frå Hammaren tek turen i år også (foreldre bør derfor ta med ein liten pakke til dei minste) ;)

 

5.juledag er det i år også 5.dagsfest på Grendahuset.

Mats Nerli og Andre Gussiås tek turen for å spele opp til fest, så det er berre å ta på finstasen og pusse finskoa.

Aldersgrensa er i år satt til konfirmert, men det vil bli eit avgrensa område med sjenking av øl og vin, og her er aldergrensa 18 år.

Inngang: 200 kr.

 

Oppfordrar flest mogleg til å ta turen til Grendahuset desse dagane, dette blir kjekt!! :)

 

Ellers vil vi ønske alle ei riktig GOD JUL!!

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Luciafeiring på Grendahuset!

 

Søndag 11.12.11 arrangerer Flemma Songlag og Flemma Bygdalag Luciafeiring. Dette vil foregå på Flemma Grendahus og begynner kl 15.30. For dei som skal delta i Luciatoget kan det vere lurt å møte opp litt tidlegare slik at du har fått på deg drakta og tent lyset til toget skal gå ;)

Vi startar med Luciatog og song av Flemma Songlag før det blir Lussekatter og kakao, loddsalg og tenning av julegrana. Dagen blir avslutta med Angvik Hornmusikk.

Ta eit avbrekk i den travle førjulstida og møt opp til ein triveleg ettermiddag på Flemma Grendahus!

 

Vel møtt!

  •  

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Årets siste laurdagskaffe!

 

Laurdag er det klart for årets siste laurdagskaffe. Møt opp på Grendahuset mellom kl.12.00 og 14.00 til ein kaffekopp og sosialt samvær!!

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

KINO fredag 18.11

 

Da er det klart for nest siste kino i år. Filmane som blir vist denne kvelden er:

Kl. 18.00 Blåfjell 2-Jakten på det magiske horn, aldersgrense: alle

Kl. 20.00 The Twilight Saga: Breaking dawn-part 1, aldersgrense 11 år

Info om kvar film finn du her.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Mandag 31.10 hadde Flemma Idrettslag medlemsmøte.

Tema for kvelden var:

-Fagerlia Skisenter. Er det mogleg å drive trekket lenger? Kjell Olav og Wenche skal møte på Fagerlia på andelsmøte neste veke, der vil det bli bestemt om det fortsatt skal vere drifte av trekket. Flemma IL er litt "lukne", det mest realistiske er vel å legge ned drifta. Men vi vil stille så lenge det er drift, vi er villige til å stille som "pølseselgarar" og vakt i trekket.

 

Flemma IL

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Bingoen har på grunn av lite oppmøte, tatt "pause" fram til over jul. Det vil i staden bli innetrim på tirsdagar.

Kl 18.00: barn tom 2.kl.

Kl 19.00: barn fom 3.kl.

Kl 20.00: Jorid-trim.

Ei fin anledning til å få bevege seg litt og samtidig vere sosial ;)

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kulturkveld 22.10

 

Laurdag 22.10 arrangerer Flemma Bygdalag kulturkveld for heile familien på Flemma Grendahus.

Dørene opnar kl 19.00, og inngangen kostar 100 kr for vaksne og 50 kr for born over 6år!

Det vil bli sal av bl.a gryterett.

Ca. kl. 20.00 startar underhaldninga med Flemma Songlag, Flemma Bøkkerensemble, Gagnat Spellmannslag, Quernes mannsangforening og Mugg!!

Uttpå kvelden vil det bli moglegheit for ein liten svingom til musikk frå Mugg!

Så ta med familien og møt opp til ein triveleg kulturkveld!!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

KINO!!

Fredag 21.10 er det igjen klart for kino på Flemma Grendahus og denne gongen er det

18.00: Ole Brumm

20.00: Abduction

Meir info om kvar av filmane finn du ved å trykke her!

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Laurdagskaffe!!

 

Bygdalaget startar no opp igjen med Laurdagskaffe på Grendahuset.

Datoane for Laurdagskaffe utover hausten blir 24.09, 15.10 og 03.12 kl.12.00-14.00.

Bygdalaget stiller med god kaffe og ei nydeleg bakelsrøre (steikje gjer du sjølv ettersom du et) ;)

Merk datoane på kalenderen og møt opp på Grendahuset for eit uforpliktande og sosialt samvær med bygdafolket!

 

Flemma Bygdalag

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ikkje gløym kino på fredag!!

 

Fredag 23.september er det igjen klart for kino på Flemma Grendahus.

Filmane som blir vist denne kvelden er:

18.00 Knerten i knipe

20.00 Kong Curling

Begge kinoane er for alle. Meir info om filmane finn du her.

Oppfordrar både store og små til å møte opp til ei triveleg kinooppleving!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Husk kyrkjevalet 12.09.2011

 

Alle som er oppført som medlemmar i Den norske kyrkje, og som fyller 15 år eller meir i løpet av 2011, kan stemme.

 

For meire info sjå:

http://kirkevalget.no/event/parish/ORGNR/976997794

 

Øre sokneråd

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Da er Flemmhelga over for denne gong. Sjølv om veret ikkje viste seg frå si beste side, var det likevel ein del folk som turen til Flemma både på laurdag og søndag.

Laurdag sto 17 syklistar klare på startstreken for å delta på sykkelløpet for dei vaksne. I barneløpet stile ca 14 born.

Lang løype (Flemma-Fagerlia-Angvika-Flemma) klasse racer, menn                    
Plass       Namn                    Tid     Uttrekt premie

1

Bjørn Inge Stensvoll.

41.56

 

2

Helge Silset

42.03

 

3

Erik Fostervoll

42.15

 

4

Jon Arild Birkeland

42.17

 

5

Ivar Silset

42.25

 

6

Leif Steinar Angvik

42.27

 

7

Asbjørn Dahlen

42.50

 

8

Anders Magne Flemmen

43.19

 

9

Åsleif Gagnat

45.40

 

10

Arvid Dalen

46.13

 

11

Bergsvein Flemmen

49.01

 

12

Sveinung Angvik Mathisen

49.45

 

13

Dag Andre Gagnat

50.40

Sekk med innhald

14

Sondre Gagnat

52.24

 

15

Sveinung Gagnat Sørensen

52.30

 

 

Lang løype (Flemma-Fagerlia-Angvika-Flemma) klasse offroad, menn

1

Lars Olav Flemmen

53.08

 

 

Lang løype (Flemma-Fagerlia-Angvika-Flemma) klasse racer, kvinner

1

Marit Elisabet Svensli

1.01.00

Jakke

 

Utanom konkurranse:

Håkon Angvik Bersås, 13 år

45.38

Sondre Svensli, 13 år

50.19

 

Kort løype(Flemstubben)
Gutar:                                          Jenter:


1

Oddbjørn Endresen

35.50

1

Tea Angvik Berås

 

2

Tobias Birkeland

36.20

2

Kari Fostervoll Flemmen

 

3

Marius Pedersen

37.00

3

Sarah S. Raudsand

Ryggsekk

4

Jonas Pedersen

 

4

Ida K. Børseth

 

5

Vebjørn Meisingset

 

5

Elise K. Børseth

 

6

Andreas H. Lingen

 

6

Annlaug Meisingset

 

 

 

 

7

Grete Fostervoll Flemmen

 

 

 

 

8

Lina H. Lingen

 

 

 

Under volleyballturneringa var ikkje deltakinga like stor, men fire lag stilte, ivrige på å kjempe om førsteplassen.

Resultat:

 

1

Flemma

2

Polen

3

Ellingsøya

4

Terje and the ladies

 

 

Søndag var det klart for hovudpunktet for helga, Flemstubben, som i år vart arragnert for 32. gong. Det dårlege veret gjorde nok sitt til at bare omlag 70 deltok i trimklassen, noko som er ei halvering frå i fjor. I aktiv- og turklassen deltok ca 21 stk og i barneløpet sprang det ca 6 stk. Men sjølv om det verken vart deltakarrekord eller løyperekord i år, var det ikkje noko å seie på humøret til dei som stilte opp!

 

M21-34: 1. Iver Kristian Arnesen, Molde-Olymp 36.32 (dagens beste tid menn)

2. Arnfinn Johansen, Fræna FIK 37.34,

3. Oddvin Gagnat, Flemma il 54.58,

4. Sondre Gagnat, Flemma il 69.30.

M45-49: 1. Kjell-Otto Råmkes, Bud 42.47.

M50-54: 1. Anders Tøsse, Il Norodd 41.09.

M55-59: 1. Kjell Smevåg, Il Norodd 43.21.

M 60-64: 1. Helge Råket, Il Norodd 46.47.

M 70-74: 1. Sigmund Julshamn, Fræna FIK 49.35.

 

K 21-34: 1. Charlotte Råmkes, Bud il 54.58.

K 35-39: 1. Marianne Smevåg Gundersen, Il Norodd 49.50 (dagens beste tid kvinner)

K 40-44: Åse Orten, MOI 55.46.

 

Turklasse: 1. Helge Endresen, Flemma il 46.13, 2. Daniel Kvalvik, Torvikbukt il 47.00, 3. Jon Arild Birkeland, Osmarka il 47.57, 4. Jon Robert Bognøy, 48.43, 5. Kjell Rovde, Jensgurilia Flyers 48.56, 6. Per Kåre Gagnat, Flemma il 50.50, 7. Frode Endresen, Flemma il 55.37, 8. Noralf Røvik, Il Molde-Olymp 57.48, 9. Kari Gagnat, MOI 57.51.

 

Kort løype ca 1,5 km

G 12-13 : 1. Eskil Engdal, Torvikbukt il 5.23, 2. Sander Engdal, Torvikbukt il 5.24, 3. Tobias Birkeland, Osmarka il 5.44, 4. Linus Engdal, Torvikbukt il 6.02,

J 12-13: Emilie Ødegård Sande, Istad 5.19 (beste tid totalt)

J 14-15: Katrine Svendsvik Birkeland, Osmarka il 5.29.

Fleire bilete finn du under Bildegalleri/Flemstubben!

 

Flemma Idrettslag takkar for årets Flemstubb og ønskjer velkomen til neste år!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

FLEMMHELG 27. OG 28.AUGUST!!

 

Da er det igjen klart for Flemmhelg!

 

Laurdag 27.08 startar vi med sykkelløp for store og små.

Løypa for vaksne: Flemma-Fagerlia-Angvika-Flemma

Løypa for barn: Flemma-Flemsetra-Gagnat-Flemma

Start og mål bli ved Grendahuset.

Klassar:

Racer: Dame og Herre. Start kl 10.00

Offroad: Dame og Herre. Start kl 10.00

Barn: 10-15 år. Barn under 10 år må ha følge av ein vaksen. Start kl 10.05

Påmelding vil skje ved start. Premiering ved trekking av startnummer.

Kl 11.00 er det klart for sandvolleyballturnering.  4-6 spellarar på kvart lag, og ein bestemmer sjølv om ein vil ha blandalag eller reine jente-/guttelag :) Påmelding innan 26.08 til ingvild.flemmen@hotmail.com eller 90654568. Oppfordar dei som skal spele til å møte eit kvarter før start :) Det blir premiering til 1. og 2.plass!!

For dei som ikkje vil delta er det mogleg å kome å sjå på, kjøpe seg litt grillmat og ellers vere sosial :)

Laurdagskvelden vil bygdalaget fyre opp grillen ved Grendahuset og det er fritt fram for den som vil å ta med seg grillmat og drikke for ein sosial samankomst! :)

 

Søndag 28,08 er det tid for Flemstubben for 32.gong. Flemstubben er eit landevegs-/mosjonsløp på ca 10 km, der 4 km er grusunderlag og 6 km er oljegrus. Her kan du velge å ta turen som ein familietur eller vere med dei sprekaste og springe på tid. I tillegg til hovudløpet vil det bli arrangert ei kortare løp (ca 1,5km) for dei mellom 12-15 år og eit løp for dei aller minste på ca 3-400 m. Start for kort-/barneløypa er kl 13.00 og kontigent på 20 kr. Det blir premiering til alle.

 

Klasseinndeling

Klasse 1:Familie-/trimklasse utan tidtaking

Klasse 2:Turklasse, kvinner og menn frå 12 år og oppover (med tidtaking)

Klasse 3:Aktivklasse, kvinner og menn frå 16 år og oppover.

For den som sett ny løyperekord har Flemma IL satt opp 2000 kr (for kvinner og menn). Løyperekorden for kvinner er 36,56 og for menn 31,36.

 

 

Starttider/startkontigent

Klasse 1 startar kl 12.00(moglegheit for å starte tidlegare om nokon vil det)

Klasse 2 og 3 startar kl 14.00

Kortløypa startar kl 13.00

 

Startkontigenten er 60 kr i klasse 1 (u.16 år 35 kr, familiek. 160 kr), klasse 2 er 60 kr og klasse 3 er 110 kr.

Startkontigenten for kortløpet er 20 kr.

 

Påmelding

Klasse 1: ved start

Klasse 2 og 3 innan 27.08 til Per Kåre Gagnat, tlf 71 21 17 09, mobil 970 65 420 eller epost pkgagnat@online.no

Etteranmelding ved frammøte på løpsdagen er godtatt :)

 

Vel møtt til ei triveleg helg i Flemma!!:)

 

-Flemma Bygdalag-

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Ca 200 stk hadde tatt turen oppi "Oppistua" i Kinna for å få med seg Amerikaklokkå, søndag 7. august. Sola kom fram frå skyane og Flemma Bygdalag stilte opp med salg av både bakels, sveler, diverse kaker, kaffe og brus. Alt låg til rette for at det skulle bli ein rett så triveleg dag. Og det vart det. Latteren satt laust blant publikum frå begynnelse til slutt av det timeslange stykket. Det lett humoristiske stykket falt i smak hos mange og hausta til slutt ståande applaus.

 

Bilder frå stykket ligg her.

 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

AMERIKAKLOKKÅ

 

Av: Arild Hoksnes

Regi: Endre Skar

 

Stad: Kinna, "Oppistuå"- Hoem i Flemma

Tidspunkt: Søndag 7.august kl 15.00

Det vil bli salg av kaffe m.m. frå kl 14.00

Billettpris: kr 250 for vaksne og 100 for born

 

Stykket har fått god omtale frå tidlegare framføringar i år, og er ein folkekomedie der handlinga er lagt til 1963. Handlinga foregår på Myren Nedre der bonden Knut og kona Maren driv garden på gamlemåten, med hjelp frå Kårkallen Gammel-Erik og arbeidshjelpa Tull-Thomas. Odelsguten Lisje-Erik kjem heim med flotte gåver og store tankar om gardsdrift etter to år med utanriksfart på den Norske Amerikalinje. Og så kjem Vakker-Maria og fantefølge til gards....

 

*Det vil bli salg av kaffe, brus og kaker både før og etter forestillinga av Flemma Bygdalag

*Det blir fri bom-passering denne dagen

*Ta med sitteunderlag!

 

Velkommen til komikk og romantikk ute i det fri!

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Da er Flemma.no endeleg oppe å går! Tips gjerne om det er noko du vil vi skal skrive/legge ut ved å ta kontakt på ingvild.flemmen@hotmail.com

 



Kva skjer:

 

Kvar tirsdag er det bingo på Grendahuset.

 

12.mai: Laurdagskaffe

 

14.mai: Ekstraordinært årsmøte i Flemma Bygdalag

 

17.mai: Feiring på Grendahuset

 

23.juni: St.Hans og Route 666

 

25. og 26. august: Flemhelg!!

 

Sommartrim 2012

 

-Flemma på Facebook

 

 
Tips gjerne om det er noko du vil vi skal legge ut, eller kom med tilbakemelding på sida på ingvild.flemmen@hotmail.com